Randi Nygård
EIN TANKE I NATUREN

12.12.2014





I artikkelen «Høyttenkeren» i Morgenbladet den 22. August 2014 seier Jonas Gahr Støre at «vi ikke kan være uberørt» av kunnskapen om at ein del av dei fossile reservane må ligga igjen under bakken.
I språket og tankane våre finst der strukturar som er baserte på grunnleggande motsetningar. Eit døme på dette er den klassiske dikotomien mellom natur og kultur. Randi Nygård sitt kunstnariske prosjekt tek utgangspunkt i dette skillet, men i staden for å sjå naturen som noko utanfor kulturen og berre ein konstruksjon i språket vårt, arbeider ho med at det er nettopp naturen som har tenkt oss. Den har skrive oss fram i sitt språk. Vi er ein levande og tenkande tanke i det naturen uttrykker. Språk kan då karakteriserast som mønster i geologi, biologi, evolusjon, ver, og som endringar og rørsler i energi, kroppar, planter og material. Kva er då det visuelle forholdet mellom material og tanke?

Materialet i det flate og firkanta papiret vi trykker skrift og bilete på, i tidskrift, bøker, teikningar og aviser, kjem frå tre. Treverk og alt anna organisk material har karbon som basis. Karbon oppstår når stjerner dør og det er bindeleddet i fossilt brennstoff som kol.

Teikningane i utstillinga er laga ved å dra ein kol- eller karbonstift over ark, bøker, aviser og hovud, med relasjon til tankar om natur. Mellom det flate papiret og objekta kjem både strukturar og merker i teiknepapiret, publikasjonane eller huda fram og blandar seg til abstrakte og organiske bilete. I skulpturen «Vi er ein tanke i naturen sitt språk» er to bøker satt saman: ei om jorda og ei om den menneskelege evolusjonen. Det lagvise materialet er opna ved å skjæra opp former gjennom sidene etter mønster i bileta, slik at formene strekker seg opp og møtest og blandar seg i kvarandre. Usynlege samanhengar og spor kjem til syne, som kollektive og umedvitne prosessar.

Randi Nygård er fødd 1977 i Bergen og bur i Oslo og Berlin. Ho har ei mastergrad frå Kunstakademiet i Trondheim 2006. I 2014 mottok ho Statens 5-årig arbeidsstipend og hadde separatutstilling på YYZ Artist Outlet i Toronto, Canada. Ho har hatt residencyopphald ved W17, Kunstnernes Hus, URRA i Buenos Aires, Argentina og på Nordisk Kunstnarsenter i Dale. Ho delteke på ei rekke gruppeutstillingar i inn- og utland mellom anna ved Contemporary Art Center of Thessaloniki, Kunstverein Springhornhof og Museo Nazionale di Sant'Angelo.

Utstillinga er støtta av Norsk Kulturråd
Stor takk til Nordisk Kunstnarsenter Dale.


Tag Team Studio utlyste tidliger i år en søkbar utstillingsplass. Det var hele 70 søkere til denne utstillingen og juryen valgte Randi Nygård. Juryen bestod av Karolin Tampere og Josefine Lyche.

Utstillingsåpning:
Fredag 12. desember kl 20:00

Åpningstider:
Lørdag 13. desember kl 12:00 - 17:00
Søndag 14. desember kl 12:00 - 17:00

Åpent etter avtale 15. og 16. desember