BOKLANSERING
Daudmannaland av Terje Sander
Illustrert av Håkon Holm-Olsen
5.12.2014

Om ikkje alle soger er sanne, er alle heller ikkje løgnar. Og somme, seier dei, er korkje det eine eller det andre – liksom uklare omriss i tussmørket mellom røyndomsdagen og hildringsnatta. Ei slik soge er Daudmannaland.
Kanskje kjenner du soga. Kanskje har du høyrt tale om ho, i mørke krokar rett bortanfor lyset frå lampene. Kanskje trudde du ho berre var ei innbilling, ein vond draum du var glad for å vakne frå. Men ho er her – no.
Dei som kjenner seg kalla, er med dette inviterte til å samlast om gullkalven. I desse dagar kjem Daudmannaland ut på Det norske Samlaget, og fredag 5. desember, frå 18:00 til 23:00, vil denne monumentale augneblinken i norsk litteraturhistorie bli feira med mat, drykk og dystre tonar i lokala til Tag Team i Møllendalsveien 17. Høyr orda om framtida frå profetens eigen munn, og sjå dei opphavlege visjonane av Byen utstilte i si originale prakt.
Lat all von fare, de som inn lyt skride.
For Terje Sander og Håkon Holm-Olsen
Leif Smith, manager.
Opplesingane vil skje ca. 18:30 og 20:00.
Boklansering:
Fredag 6. desember kl 18:00


